|

Foto: Frode Smelror HestdalSpelmannslaget er skipa i og av Bondeungdomslaget i Nidaros. Laget har til føremål å hjelpe fram norsk folkemusikk og slåttemusikk i og utanfor Bondeungdomslaget, og å vere til hygge og nytte. Øvingar Spelmannslaget øver for tida kvar måndag frå 19.00 til 21.30 på i Lokalene til Rff-senteret i Idrettsbygget, Dragvoll. Ta heisen opp i 4. etasje og finn kantina. Midt i øvingskvelden er det ein sosial pause med kaffi, te og litt å bite i. I denne økta blir det gitt orientering frå styret og andre. Musikken som blir spela er tradisjonsmusikk, stort sett frå distriktet vårt, som er Trøndelag. Det blir lagt vekt på godt samspel, rytme og melodiføring. Det kan òg bli gitt innføring i spelteknikk. Musikalsk leiar er ansvarleg for øvingsopplegget i samsvar med arbeidsprogrammet. Aktivitetar Spelmannslaget har ei lov og eit arbeidsprogram som grunnlag for aktiviteten. Arbeidsprogrammet blir drøfta og revidert på kvart årsmøte. Arbeidet blir leidd av eit styre på tre personar med to vara. Spelmannslaget spelar på øvingskveldane til Folkedanslaget i BUL, dansekveldar i Bondeungdomslaget og deltar på kappleikar, Landsfestivalen i gammaldansmusikk, konsertar og litt veldedigheitsspeling. Vi reiser på turar og har litt andre sosiale samkomer. Alle er medlemer i Bondeungdomslaget og kan ta del i aktiviteten der. Spelmannslaget samarbeider mest med Folkedanslaget. Spelmannslaget tar også på seg dansespel og underhaldningsoppdrag, og kan representere norsk folkemusikk utanfor miljøet, til dømes på festar, kongressar og liknande. Ta kontakt! |
|
Sist oppdatert laurrdag 17. september 2011 15:46 |
|
Manglar du noen å spele med? |
|
Har du lyst til å spele sammen med oss? Ta en prat med vår leiar Knut Reed. |
|
Sist oppdatert torsdag 05. august 2010 06:02 |